Laster Hendelser
Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Folkelig countrykveld med unge Sørlendinger.

I bandet spelar:
Marte Herwell vok, Nicolai Herwell ak.gtr/vok, Mats William Wennerberg el.gtr/vok, Johanne Flottorp hardingfele, Tobias Flottorp Heltzer b, Mats Jakob Nesmann tr.

Ruby Red & the Moonshine Brothers består av seks sørlendingar som hausten 2011 kom saman i Oslo for å spele countrypop med ein twist av hardingfele. De varierande låtane og den noko litt uvanlege instrumenteringa har fått folk til å spisse øyrane. Utgangspunktet for soundet og de særeigne stilen i musikken er rota i dei ulike bakgrunnane til bandmedlemmene, med alt frå rock, folkemusikk og pop til den meir reindyrka og klassiske countrymusikken. Det musikalske uttrykket er amerikansk, men likevel har musikken ein norsk bygdeklang over seg.

Musikken til Ruby Red & the Moonshine Brothers kjenner ingen aldersgrenser. Kanskje har det ein samanheng med at bandmedlemmene skulle ynskje dei budde på ein ranch eller ei seter for 100 år sidan, samstundes med at den gjennomsnittlege alderen i bandet er ungdommeleg.

I juni 2014 gav Ruby Red & the Moonshine Brothers ut sitt første album. Dei hausta høge terningkast og nokre anmeldarar meinte ein kunne risikere å bli skikkeleg glad i sjangeren bandet representerer, sjølv om ein berre likte den sånn passe frå før.

I september 2016 var bandet klare med andreplata si, «The Outlaws». Tekstane her er mørkare og kretsar rundt tema som ensomheit, svik og lovløsheit. Desse skjebnehistoriene blir pakka inn av litt røffare musikk, med fleire referansar til 70-talsideala. Musikkbloggen “Dust of Daylight” var over seg av begeistring for første del av plata: «(…) dette er omtrent så bra som det kan få blitt».

Sommaren 2017 reiste bandet til Dølehall i Åmli, der dei spelte inn si tredje plate, “Over the wall”, som kom ut i april 2019. Musikken bevega seg no til grenselandet mellom western- og cowboylåter og latinske rytmar og melodiar. Plata bêr preg av ein meir samfunnskritisk bodskap, med låtar som “Save the children”, “Torn in two” og ikkje minst tittelsporet “Over the Wall”. Også her, som på tidligare plater, er låtmaterialet variert. Gjennom plata får ein servert lette og fengande countryviser, alvorstyngde og kruttsterke rockelåtar, mariachi og latinske rytmer og låtar med westerninspirerte historier.

Låtar frå det siste albumet, saman med eit stort repertoar med eigekomponert materiale, blir det å høyre i Bakgården i år. Vel møtt!

Pris: 250 kr / 100 kr (ungdom)

Slik kan du kjøpe billetter til Bakgårdsarrangementene: www.arendalkulturhus.no (online billettsalg stenger kl. 18.00 på selve forestillingsdagen)
Billettkontor: Arendal Kulturhus, Sam Eydes plass 2 – åpent mandag-fredag kl. 11.00 – 16.00 (egne åpningstider i juli – se arendalkulturhus.no) E-post: billett@arendalkulturhus.no
Telefon: 37 00 60 60 – mandag-fredag kl. 11.00 – 16.00 (unntatt juli måned)

I døra: Før forestillingene selges det billetter i døra – om det ikke er utsolgt. Husk det er begrenset plass, ca. 160 – 200 plasser.